Anbefaling refleksjon av "Livets mysterium"

Vil takka deg for bøkene din vedr. intellligent designe. Den sist boka di har eg lånt bort til ei pensjonert prestefrua som heile livet har meint at det går godt an å kombinera evolusjon og skaping. Legg ved ein kronikk som stod i Dagen 2001. Som du veit er det ikkje lett å få slikt stoff inn i avisene i Norge. Vi kan vel gjera oss nokre tankar om ytringsfridommen i vårt land og. Det er jo eit aktuelt tema i dag. Her er det skilnad på Dagen og Vårt Land.
Ingen plass er vel åndskampen kvassre enn om nett dette emnet. Når Gud som skapar og konstruktør vert borte for oss, fell resten av kristendommen. Kampen om den 1. trusartkkel er avgjerande viktig.
Guds fred og frimod i tenesta.
Reidar Sætre
Finst det absolutte sanningar?  (Evolusjon eller skaping ?)
Den åndelege konflikt/krise vi ser i dag, har si rot i spørsmålet om alle ting sitt opphav. Altså: Skaping kontra evolusjon – dette at  tilværet er styrt av ein planleggjar og lovgjevar kontra blindt tilfelle.
Korleis vart alle ting til- alt som er rundt oss i naturen og  som finst i det veldige universet og i alle usynlege samanhengar?
Det finst to svar på dette eksistensielle spørsmålet:
1) Alt starta ved eit tilfelle – frå skyer av helium og hydrogen – for hundrevis av  millionar år sidan, og har sidan utvikla seg meir eller mindre tilfeldig fram gjennom tidene.
2) Bak skaparverket er ei overnaturleg første årsak – ein konstruktør, ein planleggjar, ein lovgjevar, eit fast utgangspunkt for alle ting.
Anten trur vi det eine eller så trur vi det andre. Følgjene av kva vi trur om desse ting, har stor innverknad på korleis vi tenkjer og handlar. Tankane vår og handlingane vår får igjen følgjer for korleis vi  lever og korleis vi samhandlar med andre menneske.
Bibelen slår fast i første verset på første sida: «I opphavet skapte Gud himmel og jord-» Trur eg ikkje på ein skapar, blir mine tankar og mine meiningar høgste norm (autoritet).
Eg bestemmer om rett og gale.
Trur eg på ein skapar, vert spørsmålet: Kva er hans vilje og plan? Korleis kan ein vita noko om denne vilje og plan ?
Det første fører til relativisme, oppløysing og utryggleik, det andre til stabilitet og tryggleik.
Kvifor kan Per gifta seg med Knut?
Kvifor  ikkje kvitta seg me svake og uføre?
Kvifor ikkje la folk døy når dei sjølve ynskjer?
Korleis kan eg vita at eg har rette svara på desse spørsmåla dersom alt  tok til på slump(tilfeldig) ?
Tilfeldig eller skapt ?
Trur eg at alt er tilfeldig, vil eg grunngje svara med mine meiningar og mine tankar, ut frå den kulturelle samanhengen eg lever i og det som til ei kvar tid er «normalt».  Og svara på desse spørsmåla vil endra seg over tid, og ikkje minst vil dei variera frå samfunn til samfunn.
Trur eg at Gud er Skaparen, skjønar eg at der er lover og ordningar, ikkje berre i naturen, men også for korleis det var meininga at eg skulle leva. Der er ein opphavsmann og lovgjevar og eg spør etter Hans lover.  Hans lover er ikkje relative, dei er universelle og absolutte.  Det er ikkje slik at tyngdekrafta gjeld i Noreg og ikkje i Danmark.  Det er ikkje slik at å drepa er gale på Island men i orden i Sverige.
Desse lovene fortel ikkje berre noko om korleis det er godt for menneske å leva, dei avspeglar også Skaparen sin godleik og heilage karakter.
Relativisme og tru.
Tanken om å vera fordomsfri kjem frå ideen om at der i tilværet ikkje finst noko slikt som absolutt sanning. Mange seier: Der er ikkje noko som er absolutt. Dette, at alt er relativt, har vorte deira einaste absolutte sanning. Ein kan tolerera alt og alle i samfunnet, berre ikkje dei som hevdar og trur at der finst noko absolutt sanning.
Her kjem vi som trur på han som er Sanninga og Livet ille ut i dag. Held vi Guds ord fram som sant og uforanderleg, skal vi snart merka kor mykje sann toleranse vi møter.
I dag heiter det: Vi er under vegs. Vegen blir til mens vi går. Vi lever i ei ny tid.
Nei ! ropar Guds ord. EG ER seier Gud om seg sjølv. Eg er den uforanderlege og mine ord skal ikkje forgå eller forandrast. Gud er den absolutte autoritet og han har openberra sine absolutte sanningar i sitt uforanderlege ORD.
Kvifor har relativisme og oppløysing snike seg inn i tanke og tru?  Hovudgrunnen ligg i at evolusjonslæra har gjennomsyrt all vitskap og tenking. Tankane frå denne gifta har også trengt seg inn i teologien og den kristne tanken.
Dermed  er grunnlaget under sann kristen tru og tanke underminert.
Det forførande i dogmet om evolusjonen er ikkje at nokon trur på det, det må stå ein kvar fritt å gjera, det førføreriske er at det gir seg ut for vitskap.
Mange er blitt lurte til å tru at læra om evolusjonen er vitskap. Det er ikkje vitskap, men eit trussystem om fortida, som like lite kan provast som at Gud i opphavet skape himmel og jord. Vi har ikkje tilgang til fortida, berre til notida. Alle fossila, alle levande dyr og planter, heile universet eksisterer i notida. Alle vitnesbyrd/prov vi har om fortida finst i notida. Ingen kan gjenskapa fortida.  Difor kvalifiserer ikkje den såkalla evolusjonsteorien som ein vitskapeleg teori innanfor dei empiriske vitskapar, fordi han ikkje er falsifiserbar.  Det er og blir berre eit avansert trussystem.
Spørsmålet vert: Kva fortel  det vi ser og finn i naturen i dag  om fortida. Tolkinga av desse funna  avgjer kva vi trur om opphavet til alle ting. Eller er det omvendt: Det vi trur, avgjer kva vi ser og korleis vi tolkar det vi ser. Altså: Vi er styrde av vår religiøse overtyding.
 
Kva dogme er best ?
Der er mange som meiner at nokon er dogmatiske medan andre ikkje er det. Spørsmålet er nok ikkje om vi er dogmatiske eller ikkje, med kva for dogme som er det beste dogme som vi let oss dogmatisera  – styra – av.
Dogme = læresetning som ikkje  kan provast, som t.d. trua på absolutte sanningar  el. at alt  er relativt. Der er ei rad slike dogme som styrer tankane og handlingane våre og som er med og bestemmer korleis vi lever og tolkar ting.
Ateistar, agnostikarar og dei som trur på guddommeleg openberring held fast på kvar sine  trussystem. Det dei gjer med funn frå fortida, vil følgjeleg bli bestemt ut frå trussystem, det vil seie deira religiøse standpunkt.
Om ein ateistisk vitskapsmann fann Noahs ark på toppen av Ararat, ville han nekta for at det hadde noko med bibelske hendingar og syndfloda å gjera. Spørsmålet omkring skapingssoga i Bibelen er avgjerande viktig – langt viktigare en den plassen denne beretinga får i forkynninga i dag. Ja, det er sjølve fundamentet som kristentanken kviler på.
 
Kreasjonisten og forskaren  Henry M. Morris har laga følgjande oversikt over
       henvisningar til 1. Mosebok  frå Det nye testamentet:
Alle bøkene i DNT, med unnatak av brevet til Filemon og Johannes 2. og 3.brev viser til 1. Mosebok. Det er ikkje noko anna bok det er så mykje vist til frå NT i GT som 1. Mosebok.
Av dei 50 kapitla i 1.Mosebok er det berre 7 som det ikkje er sitert frå i NT.
Meir enn halvparten av dei om lag   200 henvisningane i NT til 1.Mosebok er til dei 11 første kapitla, altså tida før Abraham.
63 av henvisningane er til dei 3 første kapitla.
14 av henvisningane er til  kapitla om syndfloda, altså kap. 6, 7 og 8
(Sjå 2. Peter. 3)
58 henvisningar er til Abraham
25 av henvisningane er av Jesus sjølv, i hovudsak til dei første kapitla
Dette skulle vise at  skapingssoga har ein grunnleggjande plass i Skrifta.
Utvikling og skaping ?
I dag får vi lett inntrykk av at det Bibelen lærer om skapinga er mytar eller bilettale, men då øydelegg vi grunnen under all kristen tenking.  I boka ”Three cheers for the Creationists” skriv A.G. Mattel, jr.:
”Og kreasjonistane ( dei som trur på Bibelen si skapingssoge) har ugjendrivelege vist at dei liberale kristne, som ser på skapingssoga som mytar og bilettale, undergrev resten av Skrifta. For dersom Adam ikkje fanst, var der ikkje noko syndefall, og var der ikkje noko syndefall, er der ikkje noko helvete, og dersom der ikkje er noko fortaping, er der ikkje bruk for Jesus Kristus som den andre Adam og inkarnerte Frelsar, krossfest og oppstanden. Som eit resultat av dette, vil heile  Bibelen sin tanke om frelsa falla saman. Difor er læra om evolusjonen det mest kraftfulle våpenet for å øydeleggja den kristne trua”
Dette skriv ikkje ein teolog, men ein humanist og vitskapsmann som fullt og heilt trur på dogmet om evolusjonen.
Det Bibelen lærer om skapinga og læra om  evolusjonen, kan ikkje sameinast. Dei er som eld og vatn. Dei har eit diametralt ulikt utgangspunkt. Dei fleste vitskapsmenn skjønar dette – det er verre med teologane.
Mange teologar og kristne vil prøva å ”foreina”  evolusjonslæra og det Bibelen lærer om alle tings opphav. I den ”foreininga” taper teologien med glans.
Det er berre teologien som prøver å kompromissa i høve til evolusjonslæra.
Evolusjonslæra kompromissar ikkje med teologien.
Difor må kristentrua ta kampen opp mot den evolusjonistiske ”vitskapen.” Grunnen til dette er at læra om evolusjonen fullstendig og endeleg vil øydeleggja grunnen til at Jesu jordeliv i det heile var naudsynt. Ta bot Adam og Eva, ta bort den opphavlege grunnen til synd, og i gruset vil du finna dei sørgjelege restane etter Guds son. Dersom Jesus ikkje  var forløysaren som døydde for syndene våre, då er kristendommen ingen ting. Dette er kva læra om evolusjonen tyder – eit fundamentalt åtak på den kristne trua .
Evolusjonslæra teke frå oss Skaparen, Lovgjevaren, Konstruktøren og Frelsaren – tilværet sitt Alfa og Omega.  Både spørsmålet om frelse, etikk og moral går tapt der evolusjonstanken får rotfeste.
 
Reidar Sætre